Duoen MjaO har spelt for danselystne i alle aldrar i snart 7 år, og er i dag samansett av Venche Vartdal på vokal og Asgeir Olsen på vokal/keyboard.

Venche Vartdal Kjem frå Vartdal, og i dei yngre ungdomsår sang og spelte ho i eit lokalt band.
Frå 15-års alderen vart det ei pause i musikken hennar, men ho fortsatte å synge i bryllaup og begravelser, og andre private tilstellingar rundt Vartdal.
I 2007 vart ho "gjenoppdaga" av dansebandet "Cozy" og etter ei lita stund viste det seg at dette var ei dame med tonal tyngde og kraft i stemma som vart godt likt av bandet og ikkje minst alle besøkande på dei forskjellige stader der bandet spelte. Ho er framleis vokalist i "Cozy" og no også i duoen "MjaO".

Asgeir Olsen har også tidlegare fartstid i "Cozy" og andre band i andre fylker.
Etter 11 år under vingane til Øystein Liavåg vart "MjaO" starta, og har sidan eksistert som eit lettare alternativ til musikkunderhaldning på hotell, pubar og lokale samlingsstader i midtnorge.

Reportuaret til "MjaO" er hovudsaklig coverlåtar frå -70, -80 og -90 talet, med ein god balanse mellom ballader og viser, pop og rock. Av artister som "MjaO" har plukka som favoritter kan nevnast Eagles,
Bryan Adams, Tina Turner, Creedence, Rolling stones, Shania Twain, Dire Straits og fleire.