|
Big Brothers er ein trio som spelar dansemusikk, med hovudvekt på pop, rock, country, blues og dansebandslagerar frå 60-talet og fram til dagens listetoppar. Dei dreg òg i gong fengjande gamaldanslåtar dersom det er ynskje om det. Repertoaret består av over 200 låtar, og tilbakemeldingane frå både publikum og arrangørar er at dette er god musikk å danse til. Big Brothers består av Asgeir Nerbø frå Aukra og brødrene Dag Eivind og Tore Sjøvik frå Midsund. Alle har lang erfaring frå forskjellige grupper på Nord-Vestlandet, i tillegg til at dei òg spelar i seksmanns-danseorkesteret Tequila. Asgeir syng og spelar gitar, og er kjend for å takle dei fleste stilartar med si utrulege stemmeprakt. |
|