![]() |
||
| Foto : Marit Lystad Johansen. | ||
|
Les mer og hør lydklipp på hjemmesiden hans her. Øystein Eckhoff er trubadur og musikar på heiltid. Med store delar av Vestlandet som arbeidsplass dei siste åra har han for alvor byrja å markere seg som ein erfaren og dyktig entertainer. Eckhoff er fødd med kronisk godt humør og med eit lurt smil om munnen serverer han ei herleg blanding av godlåtar - kveld etter kveld. Gamal musikk, ny musikk, sjølvlaga musikk. Musikk som du forventar, men også låtar du ikkje forventar frå ein trubadur. Alt vert levert med ein musikalitet og kreativitet som gjer trubadurkveldane hans til ei fornøyeleg affære.
|
|