Roy Aron har for alvor byrja å gjere seg gjeldande som humorist dei siste åra. Han har vunne fleire prisar på revyfestivalar, og då seinast i haust kor han vann prisen for beste monolog under vestlandet sin største revyfestival, ”Berre galskap” på Fitjar i Hordaland. Humoren til Roy Aron byggjer på ein folkeleg humor kor gjenkjenning, pussige figurar og gjennomført typespel er sentrale ingrediensar. |