Roy Aron Myklebust  
   
     

 

Roy Aron Myklebust har for alvor byrja å gjere seg gjeldande som humorist siste par åra. Kanskje først og fremst kjenner mange  til humoren,
imitasjonane og karakterane hans frå NRK Sogn og Fjordane, der han
siste åra har figurert i ”Radio Røysi” og etter kvart humorposten
”Nons med Gudvald”. I 2010 har han også turnert med sitt eige show
”Etter fjøstid”. Men Roy Aron har lang fartstid frå scena og har
mellom anna vore sterkt delaktig i sommarrevyane i Stryn. Han har
vunne fleire prisar på revyfestivalar, og då seinast i haust kor han
vann prisen for beste monolog under vestlandet sin største
revyfestival, ”Berre galskap” på Fitjar i Hordaland. Humoren til Roy
Aron byggjer på ein folkeleg humor kor gjenkjenning, pussige figurar
og gjennomført typespel er sentrale ingrediensar.

Humorstunts:
Roy Aron krydrar festmiddagen med 3 av sine fargerike karakterar.
Gudvald, den pensjonerte trappesnikkaren og småbrukaren(kjent frå
mellom anna NRK Sogn og Fjordane)Kåre Jonny, den pratsame
kvinnedyrkaren frå Vartdal og Bjarne Sjølvberg, spelemannen med alle
historiene. I tillegg har han ”eit vell” av andre karakterar som også
kan flettast inn.

Show:
Roy Aron har turnert med sin eigen einmannsrevy, ”Etter
fjøstid”. Dette kan leigast inn i sin heilskap, eller han kan tilby
ein meir komprimert versjon på 30-45 minuttar. Her kombinerar han
sceneinnslag med korte filmsnuttar –eit svært gjennomarbeidt og ikkje
minst artig show!

Konferansier:
Roy Aron har etter kvart fleire større konferansierjobbar på samvitet.
Mellom anna har han leia fylket sitt største næringslivsseminar,
”Temposeminaret” i Florø, han har vore konferansier for
rekrutteringsmessene til Fylkeskommunen og Framtidsfylket og elles
leia ulike større og mindre seminar, konferansar og tilstellingar.

Roy Aron løyser konferansierrolla på ein utradisjonell måte ved å
kombinere den meir formelle leiaroppgåva med humor. Såleis kan han
krydre arrangementet på sin eigen spesielle måte, samstundes som
programmet elles er i dei beste hender med tanke på framdrift,
overgangar og struktur.