Kvar for seg har dei underheldt både på NRK radio, TV og rundt om i kulturhus og grendehus i ei årrekkje. Den eine mest kjent som programleiaren og dansemusikaren, den andre som moromannen med dei mange stemmene og karakterane. No har ”villstryningane” Birger Meland og Roy Aron Myklebust slått seg saman i eit underhaldningskonsept dei kallar ” Ha du haurt på makjen”.

Rorbustemning
Med Birger bak tangentane og Roy Aron stadig innom i ulike rollar inviterer dei til ei svært så underhaldande økt med musikk, humor og ikkje minst den gode historia i sentrum.
Inspirert av det populære humorprogrammet ”Du skal høre mye” ønskjer også tokløveret å skape rorbustemning rundt om på utestadane i fylket. Og i tråd med førebiletet legg ein også i dette showet opp til gjester. På kvar spelestad har dei alliert seg med ein eller fleire av bygda sine historieambassadørar. -Vi ønskjer å løfte historieforteljinga litt opp og fram i lyset, seier Roy Aron Myklebust. Det finst utruleg mange personar med utruleg mange historier rundt omkring i dette fylket vårt, og nokre av desse godbitane er det vi ønskjer å presentere på showet vårt.

Trøkk og fantestykkje
Men kvelden med Meland og Myklebust byr på mykje meir enn historier. Birger Meland har i 40 år ”vore på vegen” som musikar og vil naturleg nok varte opp med fart og trøkk bak tangentane. Og med snart 20 års erfaring som programleiar i NRK radio, er naturlegvis Meland også den som leiar an og styrer kvelden med stødig hand. Og så, inn i mellom alt dette, er det at humoristen frå Nordsida og Fjelli i Stryn vil dukke opp i stadig nye habittar og by på eit utval av sine mange karakterar. Trappesnikkaren og småbrukaren Gudvald skulle for mange vere kjend frå NRK Sogn og Fjordane, og er etter kvart vorten fast på repertoaret.- Ja, Gudvald har eg funne ut er ein populær kar blant publikum, og han kjem også innom i dette showet. I tillegg har eg med eit par- tre andre personlege favorittar som eg trur publikum vil setje pris på, seier Myklebust. Han turnerte store deler av fjoråret med einmannsrevyen ”Etter fjøstid” , eit show sett av meir enn 1500 personar.