Danseorkesteret Gilbeys har halde det gåande sidan starten i 1982. Orkesteret har farta rundt i frå oljeplattformene i Nordsjøen, til dei inste dalstroka. Frå nord til sør.

Karane i Gilbeys har spelt på alt frå dansegallaer, dansefestar og  hotell, til store dagar og bryllaup.

Med stor faktor av speleglede, leverer orkesteret variert og god dansemusikk som norsk/svensk danseband, rock, country, boogie, pop og noko gammaldans. Frå Elvis, Vikingarna, Åge Aleksandersen, Vassendgutane,  Moods, Creedence, Hellbillies, Delbert Mc Clinton, til kjende norske og svenske danseband.

Kort sagt: God dansemusikk.

Orkesteret legg vekt på å spele  god dansemusikk for alle, og femnar om eit stort reportoar. Gilbeys  spelar sjølvsagt  ”live”. Så ta på deg danseskorne, og kom og bli med på dansefest med Gilbeys! Orkesteret er sett saman av røynde musikarar, med bakgrunn frå mange ulike stilartar.